3.1 Godt språkmiljø for alle barn
Barnehagen er ein sentral arena for utvikling av språk, kultur og identitet. Språket er ein føresetnad for utvikling av vennskap og deltaking i fellesskapet. Barn si språkutvikling heng nøye saman med kvaliteten av det språkmiljøet dei er ein del av.
Eit rikt språkmiljø byggjer på kompetente tilsette som forstår barna sine ulike utrykksmønster, som kan gje støtte og utfordre barna til vidare utvikling.
Språket som kommunikasjonsmiddel er eit reiskap for tenking og uttrykk for eigne tankar og følelsar. Barnehagen skal ha kompetanse på å observere, dokumentere og vurdere språkmiljøet til det enkelte barn og til barnegruppa.
Prosessmål:
- Ha kompetanse på ikkje-verbal kommunikasjon i møte med dei yngste barna.
- Ha kompetanse på å vere god samtalestøtte for barn.
- Ha kompetanse på barn si språkutvikling og systematisk bruk av ASK til alle barn.
(Kvalitetsplan for barnehage 2021 – 2024)
Barnehagen vil arbeide med fokusområdet ved å auka kompetansen på språk og samtalestøtte. Vi veit at det å lese bøker er viktig for barns språkutvikling, og vi har både organisert høgtlesing og høgtlesing på barnas initiativ. Bøker og historier gir barna felles leikereferanse, i tillegg til at det er med å utviklar språket.
Barnehagen har innført ASK (Alternativ supplerende kommunikasjon) i barnehagen. ASK er bilete- og teiknstøtte til talespråket og er bra for alle barn. Barnehagens spesialpedagog har stor kompetanse på ASK. Ho har opplæring og veiledning for personalet i barnehagen.
3.2 Inkluderande barnehage- og skulemiljø
Stokkalandsmarka barnehage har delteke i den nasjonale satsinga Inkluderande skule- og barnehagemiljø (IBS). IBS har fokus på å skapa gode, trygge og inkluderande barnehage- og skulemiljø, samt førebygga mobbing. Sjølv om prosjektet er avslutta nasjonalt fortsett barnehagen og arbeida med dette.
I Rammeplanen for barnehagen står det tydlege krav til at personalet skal førebyggja, stoppa og følgja opp mobbing og andre krenkelsar. I tillegg legg rammeplanen vekt på at barnehagen skal vera ein inkluderande arena der alle barn skal oppleva trygghet, tilhørighet og trivsel. For å arbeida med dette er det viktig at personalet har kunnskap, kompetanse og ressursar til både å arbeida fòrebyggande, gripa inn og stoppa negative hendingar.
I januar 2021 kom ei endring i barnehagelova; Barnehagen skal sørge for at barna har det trygt og godt. Denne endringa inneber at personalet i barnehagen skal observera, melda i frå, og setja i gang tiltak og oppfølging dersom eit barn opplever å ikkje ha det godt i barnehagen. Ei bekymring om at barn ikkje har det trygt i barnehagen kan koma frå foreldre eller frå personalet sine observasjonar. Vi er derfor avhengige at ein open dialog og eit godt samarbeid med foreldre/ føresette.