Årsplan 2023-2024
2 Barnehagen sitt verdigrunnlag
2.1 Barnehagen skal ta vare på barna sitt behov for omsorg
Barna i Stokkalandsmarka skal oppleva å få god omsorg kvar dag. God omsorg inneberer at dei vaksne er bevisste og har kunnskap om trygghet, tilknytning, omsorg og barn si utvikling. Som omsorgspersonar tek dei vaksne ansvar for at kvar enkelt barn får dekka sine behov for kos, trøyst, stell, trygghet og nærvær gjennom heile dagen. Dette krev ansvarsbevisste vaksne som er nærverande og engasjert i det enkelte barn si trivsel og utvikling.
Overgangsobjekt, som kan vera tytt, koseklut, bamse og anna, hjelper barna å halda på det indre bilde av familien sin mens dei er i barnehagen. Dette er med på å skapa trygghet hos barna og difor er overgangsobjekta tilgjengelege i barnehagen så lenge barna treng det.
Alle barn har sin eigen primærkontakt når dei startar i barnehagen. Primærkontakten arbeidar for å etablera ein god relasjon og skapa trygge rammer rundt barnet. Det er heilt nødvendig for å ivareta barnas psykiske og fysiske trygghet. Primærkontakten skal sørgje for at kvar enkelt barn får både fysisk og emosjonell omsorg. Dersom kjemien ikkje stemmer og barnet trekkes mot andre vaksne, er vi fleksible og bytter primærkontakt.
Barnehagen skal tilby barna eit godt miljø prega av humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet. Det ligg mykje omsorg i å gje barn varierte utfordringar og rom for meiningsfulle aktivitetar. Å gje barn moglegheit til å gje og ta imot omsorg, er eit viktig grunnlag for utvikling av sosial kompetanse og er med på å bidra til ei livslang læring.
2.2 Barnehagen skal ta vare på barna sitt behov for leik
«Leken skal ha en sentral plass i barnehagen, og lekens egenverdi skal anerkjennes» R -planen 2017 s. 20.
Leik og uteaktivitet er ein viktig del av barnekulturen. Barn skal få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet. Barnehagen sitt innhald skal inspirera til fantasi, skaparglede og livsutfolding.
Barn leikar fordi dei har lyst. Leiken er frivillig og ein aktivitet i seg sjølv, ikkje fordi ein vil oppnå noko. I leiken improviserer barna, dei kan vera og gjera mange ting som ikkje passar i andre samanhengar. Leiken krev tid, barna må få tid til å leika!
Språket utviklar seg i samhandling med andre, og leiken er den viktigaste samhandlingsarena for barn. Leiken har ein verdi i seg sjølv, men det er eit stort potensiale for læring og utvikling i leik. Barn lærer språket som vert brukt i leiken av kvarandre. Ferdigheiter knytt til korleis ein bruker språket i samhandling er viktig for å få innpass i leik, og for at leiken skal oppretthaldast og ikkje bryta saman. Personalet er difor bevisste på at alle blir inkludert og legg til rette for at alle barn får delta i leik med andre barn.
Personalet skal vera tilgjengeleg for barna ved å støtta, inspirera og oppmuntra leiken deira. Dette kan danna grunnlag for å sikra at alle barn får gode erfaringar og opplevingar av å meistre samspelet med andre barn i leik. Leiken er ein arena der barna får øva på sosiale ferdigheitar som å venta på tur, innordna seg andre, koma med forslag og lytta til andre.
2.3 Barnehagen skal fremme danning
Danning er ein livslang prosess der dei vaksne skal rettleia barna i møte med krav og forventingar som samfunnet set. Gjennom samspel, dialog, leik og
utforsking skal vi i barnehagen vera med på å bidra til at barna utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yta motstand og handlingskompetanse.
Det krev vaksne som samtalar og samspelar med barna, som hjelper dei til å forstå og øver opp barna sin evne til refleksjon.
Målet for danning er at barna skal verta trygge på seg sjølv og utvikla sin eigen identitet. Barna skal oppmuntrast til å ta eigne val og få hjelp til å forstå konsekvensane av eigne handlingar. Den langsiktige tenkinga er å bidra til at barna betre kan forstå at dei er ein del av eit større samfunn.
2.4 Barnehagen skal fremme læring
«I barnehagen skal barna oppleve et stimulerende miljø som støtter opp om deres lyst til å leke, utforske, lære og mestre». R-planen 2017 s. 22.
Barn oppsøkjer situasjonar der dei lærer, spør om kunnskap og eksperimenterer. Dei skal oppleva vaksne som undrar seg saman med dei. Personalet i barnehagen skal ha kunnskap om korleis barn lærer. Det er og dei vaksne sitt ansvar å variera mellom støtte og utfordring i barn si læring som Vygotsky beskriv som «støttande stillas».
I barnehagen sin visjon, Alle sanser på, vi skal lære nå, ynskjer vi å få fram at det er mange måtar å læra på. I barnehagen skal vi vera bevisste på å både smaka og lukta, føla, sjå og høyra. Vi skal og bli bevisst på kroppen og bruk av den.
Progresjon. Det er vanskeleg å bestemma på førehand kva barn kjem til å læra eller kva for utbytte dei skal få når vi planlegg eit tema. Skal vi ta på alvor barn si medverknad og ta utgangspunkt i deira interesser kan vi ikkje laga for mykje styrte planar. Vi tenkjer heller at vi må variera måtane vi arbeider på og vera kreative.