5.1 Når barn begynner i barnehagen
Om våren, når nye barn har fått plass i barnehagen, gir vi tilbod om tidleg tilvenning på den avdelinga dei skal vera frå hausten.
Det vert tilbode eit individuet besøk på 45 min, der foresatte, barn og pedagogisk leiar møter kvarandre på avdelinga barnet skal gå på. Etter dette vert det gitt tilbod om besøk saman med dei andre barna som skal byrja på avdelinga. Desse besøka er på 1 time og er ein gong i veka, frå ca. mai til midten av juni. Det vil vera personal som skal arbeida med barna på den tidlege tilvenninga.
På hausten får alle høve til å ta så lang tid til tilvenning som dei treng, men alle må minimum ha 5 dagar tilvenning.
Ein av dei fyrste dagane i tilvenninga, når barnet har byrja i barnehagen, vil vi ha oppstartssamtale med foreldre til nye barn.
5.2 Overgang innad i barnehagen
Dei minste, 1 og 2-åringane, skal så langt det let seg gjera, vera i same gruppe og i same areal dei to fyrste åra i barnehagen. Dei har avdeling i 1. etasje.
Når dei skal begynne oppe, som 3-åringar, brukar vi våren til å gå på besøk. Då er personal som dei kjenner med på besøket. Kor lenge og kor mange besøk det vert kvart år, er eit samarbeid mellom dei som har barna og dei som skal ta imot barna. Så langt det let seg gjera følgjer ein frå personalet opp på ny avdeling, frå nytt barnehageår.
Dei som skal flytta opp i 2. etasje går og på besøk, men ikkje så ofte som 3-åringane, sidan dei har hatt meir samarbeid gjennom året.
Dersom foreldre ynskjer det, kan dei få samtale med den nye pedagogiske leiaren som skal ha barnet ved overgang til ny gruppe.
Pedagogar på huset, som skal overta barn frå andre avdelingar, har samtale angåande overflyttinga.
5.3 Overgang barnehage -skule
Vi samarbeidar med Vigrestad barnehage og Vigrestad skule for å få til ein best mogleg overgang til skulen. Det skal vera minst 4 besøk på skulen i løpet av våren, der barna får bli kjent på tvers av barnehagane, med lærarar og arealet på skulen. Lærarane frå Vigrestad skule kjem på besøk i barnehagen før første skuleblubb.
Barn som soknar til andre skular enn Vigrestad skule, og barn som ikkje har dag i barnehagen når det vert arrangert skuleklubb, må fyljast av foreldre/ føresette.
I Hå kommune er det utarbeida ein felles plan for samanheng mellom barnehage og skule. Planen, Frå barnehagebarn til skuleelev, er under revidering.