4.1 Barn
Kor omfattande medverknaden vil vera, avheng av barna sin alder, funksjonsnivå og bakgrunn. Med det meiner vi at eit barn på 5 år forstår meir og kan sjå konsekvensane av enkle val i motsetning til ein 1-åring. Barn sin rett til medverknad må skje ut frå modenhetsnivået til barnet. Dei vaksne må sjå, høyra og forstå barna. Kommunikasjon er viktig i denne prosessen! Dei vaksne må høyre og tolke kroppsspråket samt vera observant på handlingane, det estetiske uttrykket og etter kvart det verbale språket. Barna må oppmuntrast aktivt til å gje uttrykk for sine tankar og meiningar og verta møtt med anerkjenning for sine uttrykk. Dei yngste barna formidlar sine synspunkt med kroppshaldningar, mimikk og andre kjensleuttrykk.
Dette krev vaksne som leitar, finn og fangar barn sine interesser og meiningar for å leggja best mogleg til rette for medverknad.
4.2 Foreldresamarbeid
« Samarbeid mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål». R- planen 2017 s. 29.
Barnehagen er oppteken av eit godt foreldresamarbeid, og ynskjer at samarbeidet skal byggja på tillit og god kommunikasjon.
Vi ynskjer tid til dagleg kontakt med foreldre/ føresette når barna vert levert og henta. Av og til er det ikkje rom for ein lang samtale i denne tida. Då er det fint om de gir oss eit lite «vink», så finn me ei tid som eignar seg for samtale.
Barnehageappen Visma barnehage blir brukt til å informera om endringar eller aktivitetar i barnehagen. Her får de òg påminning om planleggingsdagar, fristar for innlevering av feriar og liknande. Vi legg og ut dags- og vekesrapportar, samt månadsskriv frå barnehagen i appen. Foreldre og personal kan skriva meldingar og beskjedar i appen. Det er ei gjensidig forventing om at alle partar held seg oppdatert.
Det vert gitt tilbod om to foreldresamtalar, med pedagogisk leiar, i løpet av året. Har ein behov for meir, kan ein be om det.
Det vert arrangert felles foreldremøte inntil to gonger pr. år.
Meir formelle fora for foreldresamarbeid er FAU, foreldrearbeidsutvalet, og SU, samarbeidsutvalet. Informasjon om kven som sitt i dei ulike utvalga ligg på
barnehagens heimeside og vert hengt opp på avdelingane etter første foreldremøte på hausten.