1 Innleiing
Barnehagen sitt samfunnsmandat er i samarbeid og forståeleg med heimen, ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
1.1 Kven er vi?
Stokkalandsmarka er ein kommunal barnehage. Som ligg i Stokkalandsmarka, ein tettstad mellom Vigrestad og Brusand
Nærområde har mange flotte uteleikeplassar, Haugstadskogen og ei grillhytte med panoramautsikt over sør- Jæren. Leikeplassane byr på forskjellige aktivitetar. Skogen, med hytte og gapahuk, vert ofte nytta til utforsking av både plante- og dyreliv. Grillhytta på toppen av byggefeltet vert ofte brukt. Den har eit attraktivt uteområde og moglegheit for å trekkje inn for å eta nista.
Barnehagen har fleire spesialrom, slik som stort gym.rom, sanserom, formingsrom og vannrom.
Barnehagen har for tida 105 barn, fordelt på 8 grupper.
Avdelingane har ulike aldersinndelingar. Nokre er aldersblanda, mens andre er aldersreine. Dette varierer frå år til år, ut frå ulike forutsetningar.
1.2 Kva arbeidar vi med
Vi arbeider for at barna skal oppleva glede og trivsel saman med andre barn i kvardagsaktivitetar, leik og læring. Barn i barnehagealder er sosiale aktørar som sjølv medverkar til eiga og andre si læring og trivsel.
Vi arbeider for at alle skal få oppleva kva det vil seia å ha venner, kva det vil seia å vera ein venn og korleis vi opptrer overfor venner.
Å samhandla med andre og å få venner er noko av det viktigaste vi kan læra barn i barnehagen. Vi veit at det er mykje læring i samspelet med andre. Difor har dei vaksne stort fokus på arbeid med relasjonar og vennskap i barnehagen.
Vi arbeidar for at personalet skal vera varme og grensesetjande, at dei skal vera autoritative vaksne. Personalet skal vera merksame på at måten dei opptrer på og væremåten deira kan påverka barn si utvikling. Vaksne som er medvitne sin måte å vera på, vil vera gode rollemodellar for barn og på den måten kan vera med på å hindra mobbing.
Barnehagen er ein sentral arena for utvikling av språk, kultur og identitet. Språket er ein føresetnad for utvikling av vennskap og deltaking i fellesskapet. Barn si språkutvikling heng nøye saman med kvaliteten av det språkmiljøet dei er ein del av. Eit rikt språkmiljø byggjer på kompetente vaksne som forstår barna sine ulike utrykksmønster, som kan gje støtte og utfordre barna til vidare utvikling. (Kvalitetsplanen for barnehagar i Hå 2021-2024).
Vi arbeidar for at personalet er bevisste på å bruka språket aktivt, i alle situasjonar, vi kan sei at vi «badar barna i språk». Å bade i språk vil sei at barnet møter eit rikt språk i ulike kontekster, og på denne måten tileignar barnet seg nye språklege ferdigheter og utviklar sin egen språkkompetanse. For å få dette til må personalet lytte og observere barnas leik for å fange opp kva som rører seg i barnegruppa. I tillegg må dei tilpassa språket til kvart enkelt barn, slik at «dosen» blir passeleg. Det er i dei nære relasjonane gode språkbad skjer, og vi arbeidar for at det skal vera ein del av den daglege omsorga.
1.3 Kosthald og helse
Sunt og variert kosthald har betydning for både fysisk og psykisk helse. Barnehagen har personal på kjøkkenet som lagar mat, samt står for innkjøp av all mat. Mat som blir servert i barnehagen er i tråd med helsedirektoratet sine retningslinjer; https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/mat-og-maltider-i-barnehagen. Vi har fokus på eit sunt kosthald og vektlegg norsk husmannskost.
Vi har tre fellesmåltid i barnehagen; frukost, lunsj og frukt. Det er frivillig å eta frukost. Alle får, 1 gong pr. veke, tilbod om varm mat/ middag. I tillegg vert det servert havregraut til frukost 3 gonger i veka. Barna får tilbod om frukt og grønt kvar dag. Vi legg vekt på at barna skal få god tid til å ete, og at vi vaksne er gode rollemodellar og legg til rette for samtale rundt måltidet.