Reglar for utleige

Aldersgrense

  • Du må vera 30 år eller meir for å leiga løa til arrangement på kveldstid.

Omsyning

Alle som skal ha arrangement i løa, må ta kontakt med Annette Jensen Gimre på telefon 48 08 78 34 for omsyning i forkant. Då vil det vera ein gjennomgang av bruk av projektor, lydanlegg, steamer, nøklar osv. Ho kan møtast ettermiddagstid på tysdagar.

Betaling

  • Bestillinga er bindande.
  • Du må betala halv leigesum viss du avbestiller seinare enn fire veker før leigeperioden. Avbestillinga må vera skriftleg. Send den til servicetorg@ha.kommune.no
  • Det kostar 100 kroner å endra bestilling.
  • Du vil bli fakturert eit tilleggsgebyr om du brukar fleire rom enn du har bestilt. Me sender faktura til adressa du skriv i bestillinga.
  • Lokale lag og organisasjonar i Hå som er i Frivilligregisteret, leiger gratis til eige lags arbeid i vekene. I helga må dei betala 1000 kroner for utvask.
  • Kommunale tenesteområde/avdelingar i Hå, kan leiga løa gratis kvardagar fram til kl 16. Etter klokka 16 og helgedagane, er det full leigepris.

Tidsfristar

  • Kvardagar er lokalet tilgjengeleg til klokka 23.
  • Fredag, laurdag og sundag er lokalet tilgjengeleg frå klokka 08:00 til klokka 02:00.
  • Lokalet kan vera oppteke dagen før leigedato. Viss du vil dekka dagen før, må du leiga ein ekstra dag.
  • Du kan ringa til servicetorget klokka 13.30 dagen før selskapet, og høyra om lokalet er ledig.
  • Dersom du vil venta med ryddinga til dagen etter selskapet, må du leiga ein ekstra dag.
  • Du kan ikkje reservera Lensmannsløa lengre enn to år fram i tid til arrangement. Prisane blir justert kvart år.

Nøkkelkode

  • Nøkkelkode får du ved å ringa servicetorget i Hå rådhus på telefon 51 79 30 00, nokre dagar før du leiger. Telefontidene er måndag-fredag 9-14.

Alkoholservering

  • Det er lov å servera alkohol i Løeståvå, men du må søka om skjenkeløyve for all servering av alkohol. Søknadsskjemaet finn du på www.ha.no/skjenking. Løyvet kostar kr 420,- for eit lukka selskap.  (Grunnen til at alle må søka om skjenkeløyve i dette utleigelokalet er at kommunen sørger for utvasken og står dermed for ein del av arrangementet. Dette er heimla i alkohollova, og heng saman med at utleigelokale ikkje skal ha fordeler i konkurranse med serveringslokale. Les meir i kommentaren frå helsedirektoratet
  • Det er ikkje lov å ha med medbrakt alkohol i Lensmannsløa (til dømes posefest).

Røyking forbode

  • Røyking er ikkje tillete i eller utanfor Lensmannsløa. Dersom sneiper blir liggande att utanfor lokalet, vil utgifter for opprydding bli fakturert leigetakar. 

Dyr

  • Det er ikkje lov å ha dyr i lokala.

Brann

  • Du skal setja deg inn i branninstruksane som er slått opp i lokalet.
  • Rømningsvegane må ikkje sperrast
  • Viss brannalarmen går ved ein feil, og det ikkje blir avblese (ring 110), må du betala for utrykking.

Støy

  • Hugs at Lensmannsløa ligg midt i eit stille nabolag. Vis omsyn til naboane, og demp lyden etter klokka 23:00. 

Rydding og vasking

  • Leigetakar er ansvarleg for rydding, reingjering og tømming av søppel etter bruk. Dersom dette ikkje blir gjort skikkeleg, fakturerer me eit tilleggsgebyr.
  • Vask av golv og toalett er inkludert i prisen, men golvet skal moppast der det har vore sølt. 
  • Vaskeutstyr finn du i kottet bak kjøkken.
  • Gjer reint stolar, bord, kjøkkenbenk, og det som er brukt på kjøkkenet.
  • Rydd borda på plass etter bruk. Stabla maks seks stolar i høgden.
  • Det er ikkje lov å flytta bord opp frå første til andre etasje. 

Søppel

  • Hugs at uteområdet er midt i ein barnehage. Ikkje la sneiper og søppel ligga att. Alt avfall skal leggast i søppeldunkar i søppelskuret, merka med «Lensmannsløa». Nøkkel finn du på kjøkkenet.
  • Ved fulle dunkar er du ansvarleg for å ta med deg avfallet.

Uhell og skadar

  • Leigetakar er ansvarleg for skade på utstyr og lokale, og må erstatta eventuelle tap.
  • Ta kontakt med servicetorget på telefon 51 79 30 00 om noko blir øydelagt. Hugs å sjekka at alle dører er låste og vindauge er lukka før du forlet lokalet.