Viktig melding

Lukk meldinga

Sandra Bernhoft

Her kan du bestilla møte med Sandra Bernhoft.

Nøkkelinformasjon

Ofte stilte spørsmål

Korleis avtala møte med saksbehandlar?

Når du har funne den saksbehandlaren du ønsker å snakka med, trykk på «Reserver» for å sjå kalenderen og finn eit ledig tidspunkt som passar deg best.

Fyll ut registreringsskjemaet så detaljert som du kan, slik at saksbehandlaren kan førebu seg så godt som mogleg til møtet. Følgande opplysningar må vera med:

  1. Gnr./bnr., adresse og eventuell planID.
  2. Kva gjeld saka?
  3. Kva punkt ønsker du å diskutera?

Personlig oppmøte, telefon eller Teams

Du kan velja om du vil møta opp personleg på rådhuset, ha telefonmøte eller ha møtet via Teams. Vel du telefonmøte, må du oppgi telefonnummer me kan nå deg på. Vel du Teams, må du oppgi e-post slik at me kan senda lenke til eit møte som du opnar i nettlesar eller i Teams-appen.

Kor langt møte kan eg få?

Standardmøtet er sett til 30 minutt.

Kva kan eg få hjelp til?

I møte med ein saksbehandlar kan du få svar på spørsmål du har i forbindelse med ulike planarbeid. Hugs å velja riktig saksbehandlar, nokre i avdelinga jobbar med overordna planar og nokre jobbar med reguleringsplanar.

Korleis kan eg avbestilla eit møte?

Dersom du må avlysa eit møte, må du ta direkte kontakt med den saksbehandlaren som du har avtalt møtet med, anten via telefon eller e-post.

Kva er forskjellen på saksbehandlarar som jobbar for kommuneplan/overordna planer og saksbehandlarar for reguleringsplanar?
  • Saksbehandlarar som jobbar med kommuneplan/overordna planar jobber både med kommuneplan, sentrumsplanar og andre tema på eit overordna nivå. 
  • Saksbehandlarar innan reguleringsplanar utarbeidar/behandlar områdeplanar/detaljreguleringsplanar.