Viktig melding

Lukk meldinga

Tone Lillemo

Her kan du bestilla møte med Tone Lillemo.

 

Ansvarsområde:

  • Regionalt Miljøprogram (RMP)
  • Produksjonstilskot
  • Godkjenning av spreieareal
  • SMIL-middel
  • Prosjekt

Nøkkelinformasjon

Ofte stilte spørsmål

Korleis avtala møte med saksbehandlar?

Når du har funne den saksbehandlaren du ønsker å snakka med, trykk på «Reserver» for å sjå kalenderen og finn eit ledig tidspunkt som passar deg best.

Fyll ut registreringsskjemaet så detaljert som du kan, slik at saksbehandlaren kan førebu seg så godt som mogleg til møtet.

Personlig oppmøte eller telefon

Du kan velja om du vil møta opp personleg på rådhuset, eller ha telefonmøte. Vel du telefonmøte, må du oppgi telefonnummer me kan nå deg på.

Kor langt møte kan eg få?

Standardmøtet er sett til 30 minutt. Dersom du meiner du har behov for eit lengre møte, kan du «endra tidspunkt» i boksen oppe til høgre som heiter Reservasjonen min.

Kva kan eg få hjelp til?

I møte med ein saksbehandlar kan du få hjelp til å fylla ut landbruksrelaterte søknadar og svar på andre spørsmål du har.

Eg kjem ikkje vekk på dagtid. Kan eg få telefonmøte?

Ja, i registreringsskjemaet kan du velja om du ønsker å ha møtet som ein telefonsamtale eller ved å møta opp personleg.

Dersom du ønsker telefonmøte vil saksbehandlaren ringa deg opp på det tidspunktet du har bestilt. Husk å oppgi eit telefonnummer i registreringsskjemaet!

Korleis kan eg avbestilla eit møte?

Dersom du må avlysa eit møte, må du ta direkte kontakt med den saksbehandlaren som du har avtalt møtet med.