Kommunestyret
Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i Hå kommune og består av 33 medlemmar frå 8 politiske parti og 1 bygdeliste. Kommunestyret fattar vedtak på vegner av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak.
Ordførar: Andreas Bjorland (KrF)
Periode: 2023–2027
Formannskapet
Formannskapet består av 9 medlemmar frå kommunestyret. Formannskapet utfører lovpålagde oppgåver og gjer vedtak i saker kommunestyret har delegert til formannskapet.
Utval for samfunn
Arbeider mellom anna med planar, næringsutvikling, veg, vatn og avløp, trafikktryggleik, gjenvinning, brannvesen, byggesak og landbruk.
Utval for oppvekst og kultur
Har ansvar for barnehage, skule, kultur, kulturskule, fritidstilbod og bibliotek.
Utval for helse og velferd
Jobbar med pleie og omsorg, helsetenester, helsesjukepleiar, jordmor, barnevern, NAV, psykisk helse og rus.
Andre utval og råd
Kommunedirektøren
Kommunedirektøren skal sjå til at sakene som blir lagde fram for politiske organ, er forsvarleg utgreidde, og at vedtak blir gjennomførte.
Politisk sekretariat
Politisk sekretariat legg til rette for, og følger opp møte i folkevalde organ, og gir støtte til politikarane i sitt arbeid.