Barn og unges kommunestyre

Barn og unges kommunestyre (BUK) er ein arena der kommunen sine barn og unge får anledning til å sei si meining. 

Barn og unges kommunestyre har møte ein gong i året og består av tre representantar frå 5.-7. trinn og tre representantar frå 8.-10. trinn på kvar skule. Ordførar, rådmann, kommunalsjefar og fleire politikarar er og til stades i møtet. Barn og unges kommunestyre behandlar ulike saker og har ansvaret for å fordela 60 000 kroner.

Barn og unges kommunestyre føregår i kommunestyresalen og er bygd opp på same måte som eit vanleg kommunestyremøte med saksliste, namneopprop, ordstyrar og stemmeskilt. Elevane vert utfordra til å halda innlegg rundt eit tema som er viktig for kommunen. Dette engasjerer både elevar, politikarar og skulesjefen.

Historikk