Ordførar Andreas Bjorland
Andreas Bjorland (KrF) er ordførar i Hå i valperioden 2023-2027.
Ordføraren er den fremste representanten for kommunen. Underskrifta hans er forpliktande for kommunen, i samsvar med lovverket og etter dei vedtak som formannskapet og kommunestyret gjer.
Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet og set opp saklista til møta. Representerer kommunen ved offisielle samkome og har i det heile ansvaret for den kommunale representasjonen. Etter lova har han rett til å vera med på møte i alle kommunale utval, styre og råd.
Foto/pressebilde av ordføraren
Sist endra 20.12.2024 13.24