11 Bildekor
Hovudregel: Farge og logo
- Hå kommune sine bilar er kvite med svart logo som det står Hå kommune på.
Bilane har ikkje namn på avdelingar eller tenesteområde.

Hovudregel: Plassering av logo
- Teksten og våpenskjoldet står saman og skal ikkje separerast frå kvarandre
- Det skal vera ein logo på kvar av dørene framme.


- Logoen bør plasserast til venstre på døra. Det bør vera cirka like langt frå kanten av bildøra til logoen som det er på bredden av våpenskjoldet.
Hovudregel: Størrelse på logo
- Du velger størrelse på logoen sjølv, men logoen skal ikkje gå over fleire dører og bør ha godt med luft på begge sider.

Alternativ 1
- Dersom bilen skal visa litt ekstra igjen, kan du bruka ei av steinformene med linje over begge dørene på sidene av bilen.
- Du kan også bruka den same fargen på speglane.
- Logoen følger prinsippa til hovudregelen for størrelse og plassering.

Alternativ 2
- Dersom bilen er ein annan farge enn kvit, kan du velga kvit logo dersom det gir meir kontrast enn svart logo.
- Logoen følger prinsippa til hovudregelen for størrelse og plassering.

Alternativ 3
Dersom det ikkje blir nok kontrast med kvit logo heller, kan du legga ei steinform bak svart logo.
Logoen følger prinsippa til hovudregelen for størrelse og plassering.

Alternativ 4
- Du velger sjølv om du også ønsker Hå kommune sin visjon bak på bilen.
- Visjonen skal helst stå på høgre side, men dersom denne plasseringa ikkje er egna, kan du finna ein annan plass til knappen.
- Dersom det er ein mørk farge bak på bilen, kan du bruka kvit farge på visjonsknapp for å få betre kontrast.

Andre ønske eller utfordringar?