Personvernombod i Hå kommune

Personopplysningslova seier at Hå kommune skal ha eit personvernombod.

Personvernombodet si oppgåve er å gi råd til leiarar og tilsette om korleis personvernet til innbyggjarar og tilsette blir best mogleg ivareteke. Ombodet er òg kontaktperson for innbyggarar som lurer på noko om sine personopplysningar.


Kva er oppgåvene til personvernombodet?

Hå kommune må ha eit rettsleg grunnlag for å oppbevara personopplysningar. For å gi tenester til innbyggjarane, hentar og brukar kommunen mange personopplysningar. Personvernombodet skal derfor kontrollera at kommunen følgjer regelverket.


Kva er ei personopplysning?

Personopplysningar er alle opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein privatperson. Det kan vere namn, adresse, telefonnummer og fødselsnummer. Ei personopplysning kan òg vere noko anna som identifiserer ein person, som til dømes eit bilete eller eit fingeravtrykk.
Nokre personopplysningar er sensitive, som for eksempel informasjon om etnisk opphav, politisk oppfatning eller helseopplysningar. For slike opplysningar finst det særleg strenge reglar for korleis dei kan lagrast og delast.

 

Kven er personvernombud?

Personvernombud i Hå kommune er kommunikasjonssjef Hilde Eidsaa Bjorland. Du kan nå ho på e-post hibj@ha.kommune.no eller mobil 99 70 18 02.