Viktig melding

Lukk meldinga

Skulenytt

Nettvettreglar

Nettvettreglar for Ogna skule

Det er ikkje lov å gå inn på Internettsider som inneheld:

  • Mobbing
  • Vald
  • Porno
  • Banning

Redd Barna sine nettvettreglar gjeld og for Ogna skule:

  1. Du må aldri fortelje nokon du ikkje kjenner på Internett kva du heiter, kor du bur eller kva for ein skule du går på.
  2. Ikkje send bilete av deg sjølv eller andre.
  3. Bruk ei anonym e-postadresse når du surfer på Internett og chattar med folk du ikkje kjenner.
  4. Viss du skal møte ein person du har chatta med på Internett, må du ta med ein vaksen du stoler på.
  5. Hugs at personar du snakkar med i ei chatgruppe ikkje alltid snakkar sant og lett kan lyge på alder.
  6. Du skal ikkje svare viss du får skummel e-post eller vert redd når du chattar. Sei ifrå til ein vaksen og byt gjerne e-postadresse.
  7. Når du skal laste ned spill eller liknande, gjer det saman med ein vaksen.
  8. Viss du opplever noko skummelt eller ubehageleg, meld frå til ein vaksen du stoler på. Du kan og ta kontakt med politiet på www.tips.kripos.no.