Info til foreldre og føresette desember 2022

 

Skulerute for skuleåret 2023/2024

Skuleruta for neste skuleår blei vedteken i Samarbeidsutvalet 05.12.2022. Skuleruta er i utgangspunktet lik for alle skulane i Jærskulen (Gjesdal, Hå, Klepp og Time), men den enkelte skule kan gjera små justeringar i løpet av skuleåret. For skuleåret 2023/2024 har me ikkje gjort endringar. De finn skuleruta på nettsidene til Ogna skule og Hå kommune.

Nasjonale prøvar for elevane på 5., 8. og 9. trinn

Elevane gjennomførte nasjonale prøvar i september. Resultata er gledelege, og viser at både 5., 8. og 9. trinn ligg på eller over nasjonalt snitt i lesing og rekning. I engelsk ligg 8. trinn på nasjonalt snitt, medan 5. trinn ligg litt under. Det er også svært gledeleg at trinna viser ei positiv, fagleg utvikling over tid.

Lesing har vore satsingsområde til skulen over fleire år. No ser det også ut til at dette gjev auka læringsutbyte for elevane våre. Elevane på 9. trinn utmerkar seg spesielt med resultat langt over nasjonalt snitt, og dei er best i lesing på heile Jæren, og dermed gjer dei det også knallbra samanlikna med resten av Rogaland og på landsbasis.

Open dag 2022

Igjen så vil skulen få takke alle som var med og bidrog på Open dag torsdag 20. oktober. Det vart eit flott arrangement med god mat, god drøs, kjekke aktivitetar og mykje folk. Me fekk inn heile 53 345 kroner til TV-aksjonen «Leger Uten Grenser». Det er eit fantastisk resultat og nesten dobbelt så mykje som me fekk inn førre gong!

Brukarundersøkingar

Me held no på å gjennomføre den årlege elevundersøkinga og foreldreundersøkinga. Gjennomføringsperioden varer fram til 20. desember. Det er føresette på 4., 7. og 10. trinn som deltek på foreldreundersøkinga. Når det gjeld elevundersøkinga, så er det 6.-10. trinn som gjennomfører den nasjonale undersøkinga. I tillegg har me lokalt tilpassa undersøkingar for alle elevane.

Justering av prisar i kantina

Som me alle har merka dette året, så har matvareprisane auka kraftig. For at me skal kunne drive kantina forsvarleg, så må me auke prisen noko frå 1.1.2023. Dette gjeld for alle skulane i Hå kommune som har kantinedrift. For Ogna skule betyr dette at me aukar prisen med 2 kroner dagen til 16 kroner. Då ligg me også på nivå med dei andre skulane i kommunen.

Takk for godt samarbeid hausten 2022!

Oppstart etter nyttår blir tysdag 3. januar til vanleg tid.

Mvh
Helge Håland, rektor