SMU - referat

Ogna skule - referat frå møte i SU/SMU 18.03.2024

Dato: Måndag 18. mars 2024 

Tid: Kl. 19.00

Forfall: Geir Undheim, Synnøve Romsdal, Siri Brüggemann, May Bente Lokøy

Vara Karl Johan Apneseth møtte for May Bente Lokøy

Saker:

05/24               Godkjenne innkalling og sakliste

                        Ok

 

06/24               Saker frå elevrådet

                        Elevrådet hadde siste møte 18. mars.Første saka dei tok opp var korleis det

                        går i friminutta på ungdomstrinnet etter at skulen vart mobilfri etter vinterferien.

                        Elevane seier at det går greitt, men at dei merkar det best før skulen startar

                        om morgonen. I friminutta sit 10. klassingane ofte og drøser, eller dei spelar

                        litt biljard av og til.  Nokre elevar i 9. klasse kjedar seg litt, men det går greitt.

                        Dei drøser eller spelar kort. Elevane i 8. klasse spelar mykje biljard, airhockey

                        eller fotball saman med elevar frå 7. klasse.

                        Elles ønskjer elevrådet at skulen skal kjøpe inn spel og fotballar til klassane

                        på ungdomstrinnet.

                        Skulen skal sjå på ønskja som kjem, og så kjøpe inn ein del spel før påske.

 

07/24               Status etter innføring av forbod mot mobilbruk og smartklokker i skulen

                        Det har vore mange positive tilbakemeldingar frå føresette etter forbodet.

                        Ingen negative tilbakemeldingar. Innføringa har gått veldig bra på skulen.

                        Elevane har vore flinke til å følgje dei nye reglane.

 

08/24               Grillfesten – tidspunkt og innhald

                        Det vert grillfest for heile skulen måndag 3. juni kl. 17.00 – 18.30. Elevar,

                        lærarar og føresette på 9. trinn har ansvaret for arrangementet. Då skal me

                        ha det kjekt i lag med mange aktivitetar, god grillmat og strålande vér.

 

Med helsing

Hå kommune

 Helge Håland

rektor