Viktig melding

Lukk meldinga

Skulenytt

Handlingsplan mot mobbing

Reglar mot mobbing

1. Me skal ikkje mobba andre
2. Me skal hjelpa andre som vert mobba
3. Me skal vera saman med elevar som er aleine
4. Viss me veit at nokon vert mobba, skal me fortelja det til ein vaksen på skulen og til dei heime

 
Kva er mobbing?
 
I elevundersøkinga er mobbing definert som følgjande:
«Negativ eller «vondsinna» åtferd gong på gong frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvara seg. Erting gong på gong på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing.»
 
1. Aktiv mobbing:
- Fysiske angrep som slag, spark, kast, øydelegging av klede m.m.
- Verbale og ikkje verbale angrep som truslar, hån, slengmerknader, kalling, hånlatter m.m. 
- Mobbing ved bruk av mobil og internett.
 
2. Passiv mobbing: Å oversjå eller stengja nokon ute frå kamerat/veninneflokken.
 
3. Digital mobbing:
- Skulen har reglar for bruk av mobil og internett.
- Læra elevane opp til god nettbruk, jf. nettvettreglane for Ogna skule
- Samarbeid med føresette, politi og andre for å avdekka og løysa digitale mobbesaker

 
Korleis oppdaga mobbing?
 
Signal hjå elevane:
- Fysiske skadar
- Stadig vondt i magen
- Innesitjing
- Søvnproblem
- Mangel på vener
- Mykje fråvær
- Endra åtferd
 
Mobbinga føregår som regel utan at vaksne er til stades. Difor er det viktig at alle er med for å avdekka mobbing:
- To spørjeundersøkingar kvart skuleår der den eine er elevundersøkinga
- Tilsyn ute der vaktene har gul vest som gjer dei godt synlege
- Mobbing er tema på alle utviklingssamtalar, elevsamtalar og foreldremøte

 
Førebyggjande arbeid
 
- God relasjon lærar – elev:
Læraren er ein tydeleg vaksen som elevane har tillit til. Læraren har ei tydeleg leiing slik at elevane opplever klassen som ein trygg stad.

- God relasjon elev – elev:
Elevane tek vare på kvarandre og er opptekne av at alle har det trygt.
 
- God relasjon lærar – føresette:
Relasjonen er prega av respekt, tillit og samarbeid.
 
- Skulestart:
Skulestarten skal vera trygg og gje alle elevar ei god oppleving. Fellesarrangement for heile skulen for å arbeida for eit godt fellesskap.
 
- Samarbeid med ulike instansar:
Elevråd, samarbeidsutvalet (SU), skulemiljøutvalet (SMU), foreldrearbeidsutvalet (FAU) og sosialpedagogisk team.

 
Løysing av mobbesaker
 
- Tiltak:
1. Undersøkingar og observasjon for å skaffa informasjon
2. Samtalar med den som er mobba, for å skaffa informasjon og gje støtte
3. Samtale med føresette til den som vert mobba
4. Samtale med den som mobbar. Dersom det er fleire som mobbar, skal ein snakka med ein om gongen. Føremålet er å gje beskjed om at mobbinga er uakseptabel og må stoppast straks. Gjera avtalar om kva som skal skje for å få slutt på mobbinga, og setja opp ny samtale.
5. Samtale med føresette til den/dei som mobbar
6. Enkeltvedtak, jf. Opplæringslova § 9a – 3. Rektor avgjer om det skal gjerast enkeltvedtak når mobbing er oppdaga. Føresette kan òg be om at skulen gjer noko. Då må rektor gjera enkeltvedtak.
7. Sanksjonar og dokumentasjon. Følg opp den som er mobba og mobbaren kvar dag i ein gitt periode.
8. Oppfølging. Mobbesituasjonen skal følgjast til det er heilt slutt. Det må og vurderast om ein skal arbeida strategisk mot trinnet mobbinga har føregått i.
9. Evaluering av saka i etterkant av leiinga og aktuelle partar for å drøfta kva ein kan læra av den aktuelle saka med tanke på førebygging av mobbing.
 
- Ansvarskjede:
Prinsippet er at problem vert løyst på så lågt nivå som mogleg, men rektor skal alltid informerast ved mistanke om mobbing.
 
- Vaksne som mobbar:
Rektor har personalansvar for dei tilsette og er ansvarleg for å følgja opp alle klagar. Rektor må handsama alle klagesaker om mobbing frå dei vaksne som ei personalsak, og syta for at dette stansar straks.
 
- Faste tiltak i årshjul:
August: Eventuell revisjon, og deretter gjennomgang av handlingsplan mot mobbing for elevar og tilsette.
September: Foreldremøte på alle trinn, syna til handlingsplanen mot mobbing. Val av representantar til alle råd og utval. Gjennomføra lokal undersøking på alle trinn.
Okt/nov: Gjennomføring av elevundersøkinga.
Desember: Evaluering av elevundersøkinga i alle råd og utval.
Haust og vår: Jamlege møter i elevråd, FAU, SU og SMU. Varsling om eventuelle enkeltvedtak i FAU, SU og SMU.