Servering av alkohol på arrangement

Kva krav må du oppfylla?

  • Du må oppgi ein person som skal vera ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vera over 20 år. 
  • Skjenkestyrar må alltid vera til stades på arrangementet.
  • Det er anbefalt at skjenkeansvarleg har ein vara.
  • Du kan ikkje ta med eigen alkohol på arrangement der det er skjenkeløyve.

Slik søker du

Fyll ut og send inn dette skjemaet

Søknadsfrist:

  • Tre veker før arrangementet

Pris

  • For lukka selskap er gebyret 460 kroner per gong.
  • For opne arrangement med inntil 150 personar, er gebyret 460 kroner per gong.
  • For opne arrangement med meir enn 150 personar, er gebyret 3200 kroner per gong.

Les meir om skjenkeløyve i Hå kommune sine alkoholpolitiske retningslinjer.