Sal av alkohol og tobakk i butikk

  • Ønsker du å selja alkohol i butikken din, må du søka om salsløyve hjå kommunen.
  • Ønsker du å selja tobakk, må du registrera det i tobakkssalgsregisteret.

Slik søker du om salsløyve for alkohol

Fyll ut og send inn dette skjemaet

Det er utval for helse og velferd som gir faste salsløyve. Behandling av søknadane er dermed avhengig av datoar for politiske møte, og kan vera opp til fire månader.

Desse dokumenta skal følga søknaden:

  • Teikningar av salsstaden i A4-format. Salsarealet skal vera skravert.
  • Kopi av leigekontrakt/ framleigekontrakt.
  • Kunnskapsprøve i Alkohollova for styrar og vara.
  • Ei stadfesting på at dei tilsette er innmeldt i arbeidstakarregisteret, og at dei har lovlege arbeidskontraktar.

Kva krav må du oppfylla?

  • Du som har det økonomiske ansvaret for butikkdrifta, kan søka om løyve.
  • Styrar og vara må ha bestått kunnskapsprøve, ha uklanderleg vandel etter alkohollova, vera over 20 år, og arbeida i den aktuelle butikken.
  • Butikken må vera daglegvareforretning med eit breitt utval av varer, eller spesialutsal for øl og mineralvatn.

 

Slik registrerer du verksemda for sal av tobakk:

Registrer i tobakkssalsregisteret

Hå kommune fører tilsyn med salsstader, og krev ei årleg tilsynsavgift.

Salsstader som avsluttar salet, må avregistrera for å unngå krav om tilsynsavgift.