Pub, kafé og restaurant

For å driva ein kafe, restaurant, konditori, gatekjøkken, potetvogn, pub eller bensinstasjon med matservering, må du ha eit serveringsløyve. Ønsker du i tillegg å skjenka alkohol, må du ha eit skjenkeløyve.

Slik søker du serveringsløyve:

Fyll ut og send inn dette skjemaet

Behandlingstid for serveringsløyve, kan vera inntil åtte veker.

Ein serveringsstad er ein stad kor det blir servert mat og/eller drikke, og kor gjestene kan eta og/eller drikka på staden. 

Kva krav må du oppfylla?

  • Dagleg leiar må vera over 18 år, og ha bestått etablererprøven. 
  • Dagleg leiar og personar med vesentleg påverknad på drifta, må ha uklanderleg vandel i forhold til straffelov, skatte- og avgiftslov, rekneskapslov og likestillings.- og diskrimineringslova.
  • Ved eigarskifte må du søka om serveringsløyve seinast 30 dagar etter avtale om overdraginga.

 

 

Slik søker du fast skjenkeløyve:

Fyll ut og send inn dette skjemaet

Det er utval for helse og velferd som gir faste skjenkeløyve. Behandling av søknadane er dermed avhengig av datoar for politiske møte, og kan vera opp til fire månader.

Kva krav må du oppfylla?

  • Styrar og vara må ha bestått kunnskapsprøve om alkohollova, vera over 20 år og arbeida i den aktuelle verksemda. 
  • Dagleg leiar må ha bestått etablererprøven.
  • Det er krav om uklanderleg vandel etter alkohollova. Me henter inn uttale på vandel frå politi og Skatteetaten.
  • Dagleg leiar/styrar må ha bestått etablererprøven.

Du kan få løyve for fire år om gongen, og det er gyldig til 30. september, året etter at det er sett nytt kommunestyre.