Jegerprøveeksamen

Alle som skal jakta må ha bestått jegerprøven.

  • Jegerprøven består av eit obligatorisk jegerprøvekurs og ein elektronisk jegerprøveeksamen. 
  • Du må gjennomføra obligatorisk kurs hjå godkjent kurshaldar før du kan ta eksamen i kommunen.
  • Jegerprøveeksamen  vert halden på Hå rådhus. 
  • Meld deg på til eksamen i registreringsskjemaet nedanfor.  Me vil då ta kontakt med deg for å avtala dato og tidspunkt. 

Meld deg på eksamen

  1. Registrer deg som kandidat på www.jegerproveeksamen.no
  2. Betal eksamensavgifta
  3. Meld deg opp til eksamen på Hå rådhus her:

Korleis fungerer eksamen?

  • Elektronisk prøve på mobil eller nettbrett
  • 50 spørsmål med 3 svaralternativ
  • Du må ha minst 80 % rett for å bestå
  • Spørsmål frå alle tema i jegerprøvekurset

Les meir om jegerprøveeksamen