Motland skule er ein barneskule (1.-7. trinn) med ca. 380 elevar. Skulen har ca. 50 tilsette. Motland har ein lagleiar for 1. til 3. trinn og ein for 4. til 7. trinn. Skulen er ein av tre barneskular på Nærbø, og elevane våre går vidare til Nærbø ungdomsskule. Vi ligg sentralt plassert på Nærbø med kort veg til sentrum, togstasjon, Jærmuseet og turområder. Vi er næraste nabo med Fugleparken.
Motland skule har visjonen "Me vil læra meir"
ME - felleskapet er viktig, me skal ha gode opplevingar i lag
VIL - handlar om vilje, lyst og motivasjon til å lære
LÆRA - vi er på skulen for å læra. Vi skal læra mykje forskjellig, på ulike måtar
MEIR - alle skal læra meir, enten du kan litt eller mykje om noko