Deltakere:
Cato Sandve Ropeid
Elin Flattum Nilsen
Gerd Helen Gausland
Heidi Tveit Håland
Silje Pettersen
Siri Nærland Hognestad
Tone Emerson Skavås
Beate Bratland
Øyvind Kvitvær Leidland
Synnøve Helleren Malmin
Referat frå FAU-møte torsdag 28.09.23
Konstituering av FAU
Leiar: Gerd Helen Gausland
Nestleiar: Silje Pettersen
Kasserer: Elin Flattum Nilsen
Sekretær: Cato Sandve Ropeid
Representanter i SU/SMU: Elin Flattum Nilsen og Heidi Tveit Håland
17.mai
Cato informerte om drøftingar som har vore rundt 17.mai. FAU har fått innspel om å flytte 17.mai feiringa tilbake til skulane her på Nærbø. I den forbindelse ynskjer FAU å senda ut ei spørjeundersøking til føresette på Motland og Bø, for å høyre kva de tenkjer om dette. Skulane vil vere opne for alle, ikkje berre familiar tilknytt skulane. Forslag til tekst er utarbeidet, og blir viderformidla til Bø for gjennomgang. Målet er å få sendt ut dette spørsmålet til føresette på begge skulane i veke 40.
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon 2023 går til Redd barna La barna leve i fred. I Hå har det vert tradisjon for deling av kven som er med på denne dugnaden og i år er det skuler og barnehager som er med. Motland skule skal stille med 30 bøssebærere søndag 22.oktober. Gerd Helen og Synnøve ser vidare på saken.
Retningslinjar for klassekontaktane
FAU gjekk gjennom dokumentet, og gjorde oppdatering. Dette blir lagt ut på heimesida.
Eventuelt
Gjekk gjennom utbetringar med trafikk, parkering og varelevering som kommunen har vedtatt skal skje rundt Motland. Planen til kommunen er å fullføre dette sommaren 2024, når skulen har tatt sommarferie.
Innspel om organisering av foreldremøte. At det blir satt av meir tid mellom gruppene, og at det kjem tydelegare fram kor lenge rektor snakker, slik at føresette ikkje treng å høyre det same om ein har fleire elevar på skulen.