Klassekontaktar
Det å vere klassekontakt er ein viktig del av samarbeidet mellom skulen og heimen. Når det skal veljast nye klassekontaktar bør dei som har vore sei noko om arbeidet som er gjort, kva forventningar og kva moglegheiter som ligg i dette.
-
1. trinn vel klassekontaktar for 1 og 2 år (50/50). Dersom klassekontakt til ei gruppe blir valt for 1 år, blir vara valgt for 2 år. Frå 2. trinn og oppover er valperioden alltid 2 år.
-
Valet av nye klassekontaktar og varaer skjer på foreldremøtet våren før neste skuleåret klassekontaktar/vara skal ta over.
-
Dersom trinnet får endring på antall grupper, må ein tilpasse talet på klassekontaktar.
-
Vararepresentantar skal stille viss klassekontakt sjølv er forhindra i å møte. Mange klassekontaktar vel å bruke sin vara aktivt som ein samarbeidspartnar i sitt arbeid som klassekontakt.
-
I møte med skulen er det vanligvis bare klassekontakten som stiller.
-
Skulen held eit informasjonsmøte for klassekontaktar og vara om hausten.
Sosiale tilstelningar
Elevane på eit trinn er ei sosial eining. Om klassekontaktane skal arrangera ein sosial tilstelning, skal alle elevane på trinnet bli inkludert.
Avslutning for 7.trinn
Fast avslutningskveld for 7. trinn ein av dei siste dagane elevane er på skulen. Føresette tar med kveldsmat. FAU sponsar kvar elev med 200 kroner til avslutning på 7. trinn. Til dømes avslutningskveld og tur til Kongeparken.
Gåver
Det oppfordres generelt til at elevane ikkje kjøper gåver til lærarar ved overganger eller skifter, inkludert avslutning på 7. trinn. Ein teikning eller liknande er minst like verdifullt.
Selskap
Det oppfordres til at ein minimum inviterer alle av same kjønn i gruppa si i selskap, på alle trinn ved Motland skule. Målet er å motvirka utanforskap. Ei gåve kan koste ca 50 kr (+/-), er det pengegåve kan det vere 50 kr.
Om ein ikkje inviterar alle i gruppa, skal ikkje invitasjonane delast ut på skulen.
Økonomi
Ein skal ikkje oppretta nye klassekasser. Innsamling av penger må gjerast ved kvar enkelt hending ein treng penger for. For å unngå innsamling oppfordra ein at folk tar med eigen tallerken, mat, drikke o.l.