Kven kan koma til helsesjukepleiar?
Alle kan koma innom for samtale, men det er greitt å seie til læraren kor du skal. Foreldre kan ta kontakt på telefon: 415 32 765 eller 51 79 99 70 (helsestasjonen).
Kva tid kan eg koma?
Du kan koma i trefftida. Dersom det er ledig tid kan me snakkast der og då, eller me kan avtale ei tid.
Kva kan helsesjukepleiar hjelpe med?
Helsesjukepleiar har teieplikt. Me kan hjelpe med spørsmål og gje råd når det gjeld kroppen, puberteten, kost, trening, psykiske vanskar, mobbing, einsemd, vaksiner osv.