Foreldre/føresette til elevar som skal byrje i første klasse vert kalla inn til foreldremøte i januar/februar før skulestart. Kommunen har retningslinjer for ein god oppstart gjennom tilpassa skulestart. Alle nye førsteklassingar vert invitert til skulen 4 gonger ov vi har eigne overgangssamtaler i tillegg. Skulen har samarbeid med alle barnehagane på Nærbø om dette. Foreldre til barn som ikkje går i barnehage får eige møte med skulen. På den siste samlinga før sommaren møter elevane gruppa si og kontaktlæraren sin dersom det er mogleg.
På Nærbø er det to barneskular, Motland skule og Bø skule. Dersom ein ønskjer å gå på ein skule utanfor den skulekrinsen ein bur i, må ein sende søknad til skulesjefen.
Her finn du informasjon om skulekrinsar i Hå kommune.
Elevar som skal byrje midt i året pga. flytting eller endring i livssituasjon tek kontakt med administrasjonen på skulen. Telefonnummer 51798380 eller e-post: post.motland.skule@ha.kommune.no