Barnehagen starta hausten 1992 i bustaden på Lensmannsgarden. I desember 2007 flytta me inn i ny barnehage.
Me har 4 avdelingar, og for barnehageåret 2024/2025 har me 62 barn. Barnehagen tilpassar seg etter søkarar, derfor varierer alderen på barna i gruppene, det same gjer samansettinga av gruppene.
Avdelingane
Vera saman
Lensmannsgarden barnehage har òg fokus på vaksenrolla med utgangspunkt i "Vera saman". Visjonen vår "Varme hjerter - gode øyeblikk" er knyta opp til dette arbeidet.
- Lensmannsgarden barnehage er en VERA SAMAN-barnehage, og det inneberer at vi er opptatt av gode relasjonar mellom menneske.
- Både barn og vaksne har blitt einige om at vi skal følge løveloven. Regnbueløva er bærer av de grunnleggande verdiane i VERA SAMAN, ikkje minst knyta til denne loven. Vi bruker blant anna figurer, sanger, temabøker og fortellingar frå VERA SAMAN som verkemiddel i arbeidet.
- Målet er at alle vaksne i Lensmannsgarden barnehage har en autoritativ vaksenstil, og legger til rette for et inkluderande lekemiljø for barna. Teori og forsking knyta til det autoritative perspektivet understrekar at autoritativ vaksenstil er det beste for barns utvikling. Denne vaksenstilen er ein viktig del av barnehagens pedagogiske plattform og de ansattes felles forståing. Prinsippet går ut på at de vaksne utøver sitt yrke i en dynamisk kombinasjon av varm relasjonsbygging til barnet og en tydeleg vaksenstil når det gjelder å sette krav og grenser.
- Vaksne som opptrer tydeleg saman med barn, og viser dei respekt, varme og innleving, skaper optimale forutsetningar for utvikling.
Programmet løper langs to linjer
- Langs den eine linja er det fokus på vaksenrollen. Den skal vera preget av varme og respekt for barnet både gjennom relasjonsbygging og gjennom å sette grenser. Målet er å utvikle varme og grensesettande vaksne som hjelper barnet med å gjere gode val i ulike situasjonar.
- Den andre linja består av et pedagogisk materiell som kan brukast på mange måtar og i mange situasjonar i barnehagen. Barna skal bli kjent med regnbueløva og hans historie. Barna skal bli trygge på seg sjølv, slik at de lærer seg å samhandle med barn og vaksne på ein god måte.
Løveloven
Verdigrunnlaget i løveloven gjennomsyrer vårt arbeid og korleis vi møter oss sjølv og andre.
- «Kan du løveloven? Jeg skal være meg, men gi plass til andre slik at de blir seg
- Bry meg om en annen, hjelpe når jeg kan. Slik blir livet bedre for barn i alle land
- Ser du en som plages? Det er ikke bra! Alle må stå sammen om å si ifra
- Alle barn på jorden har den samme rett, til å være trygge og til å være sett»
God stemning
- Gode relasjonar skal vera vårt varemerke. Vi er opptatte av at den gode stemninga på huset skal prege vår barnehage. Vi skal vera lekne vaksne som sprer glede. Dette er med på å bidra til å skape den gode stemninga.
- Av og til har vi «godhets-dag», der barn og vaksne har ekstra fokus på å gjere noko fint for andre. Store og små i Lensmannsgarden barnehage er opptatte av å stå saman og hjelpe kvarandre. Vi samarbeider godt på tvers av avdelingane.
- Vi verdsetter foreldresamarbeidet høyt. Vi ønsker at Lensmannsgarden barnehage skal vera et godt sted for barn, foreldre, ansette og andre besøkande eller samarbeidspartnarar.
Songar
Songar som me brukar finn de på blant anna Spotify og YouTube.
Annan nyttig informasjon
- Me er 21 tilsette. Dei tilsette har ulik bakgrunn og utdanning.
- Me har styrar, assisterande styrar og administrasjonskonsulent i administrasjonen, i tillegg til vaktmester og reinhaldsarbeidar.
- Barna skal i løpet av barnehageåret ha fire veker ferie. Tre av desse skal vere samanhengande i løpet av sommaren.
- Barnehagane i Hå kommune har feriestengt i to veker i juli - for sommaren 2025 er veke 29 og 30 stengt.
- Ferie må meldast inn på Visma Min Barnehage-appen før oppgitte fristar. Enkle feriedagar spredt utover året må meldast inn ei veke før.
Følg oss gjerne på Facebook og Instagram: Lensmannsgarden barnehage