TallShips Fest i Sirevåg er eit samarbeid mellom Hå kommune, lokalt næringsliv og frivillige. Velkommen som aktør!
1. Påmelding og betaling
Aktørar søker om plass innan 26.april 2025. Faktura på standplass blir utsendt etter arrangementet er gått av stabelen.
Du finn søknadsskjema her
2. Innvilga søknader
Arrangør avgjer kven som får delta. TallShips Fest i Sirevåg skal by på eit variert og balansert produktspekter med kvalitet framfor kvantitet. Kunst, handverk, lokal mat, gåveartiklar og produkt med eit maritimt preg har prioritet. Lokale bedrifter, lag og organisasjonar vert prioritert.
3. Plassering
Arrangør avgjer kva plassering du får. Komiteen må ta omsyn til heilskapen i arrangementet.
TallShips Fest i Sirevåg er delt inn i soner for mat, aktivitet og anna salg.
4. Avbestilling
Påmeldinga er bindande. Avbestilling etter 1. juni må betalast fullt ut.
5. Om produkt, utsmykning og salstider
Det er bare tillatt å selja produkt som står oppført i godkjent søknad. Arrangør kan avvisa produkt som ikkje er godkjent. Utstillar må sjølv pynta boden/standen og bidra til ei stemning som passar inn i hamnemiljøet. Salsbodene skal vera opne og bemanna i heile arrangementet sine opningstider (klokka 12:00 - 19:00).
6. Sal av mat og allergen
Alle allergen må merkast tydeleg for publikum på menyplakatar.
Alle deltakarar må sjølv sørga for å ha med nødvendig utstyr til eigen stand (bord, stolar og liknande), og nødvendige avtalar med Mattilsynet.
7. På arrangementsdagen
Aktørane får tilsendt informasjon om tilvist plass.
Innsjekk/opprigging må vera ferdig seinast 30 minutt før opning.
På grunn av tryggleik, vert indre hamn/marknadsområdet stengt for varetransport seinast 30 minutt før arrangementet startar. Transport av tunge varer inn i marknadsområdet etter dette kan føregå med Hå kommune sine varetraller.
Aktørar kan parkera i Nygårdsida (ved bubilparkerina).
8. Utstyr og avfallshandtering
Aktørane må sørga for det utstyret dei treng i bod eller telt. Sørg for å levera avfallet i tilvist container. Når TallShips Fest i Sirevåg er slutt, skal bodene vera rydda og fri for spiker, lim-rester osv. Skader utover ordinær slitasje, vil bli belasta deg som aktør.
9. Ansvar og forsikring
Aktørane må sjølv forsikra varene og utstyret sitt. Arrangør tek ikkje på seg ansvar for tjuveri eller skade på gjenstander, utstyr, køyretøy eller liknande.
10. Beredskap og branntryggleik
- Gjer deg kjent med kor beredskapsgruppa er lokalisert under arrangementet.
- Skal du steika, koka eller varma mat/drikke på kokeplate eller bålpanne, må du ha med eige brannslokkingsapparat eller anna slokkeutstyr.
- Alle som ønsker å ha open eld, må søka om det i søknadsskjemaet.
- Det er avgrensa med straum, og du kan dermed ikkje bruka elektrisk varmeomn. Då risikerer me at sikringa ryk. Kle deg heller godt.
- Dersom du har med eige telt, ta med ballast til å sikra teltet mot vind.
11. Ikkje alkoholservering
TallShips Fest i Sirevåg er eit familiearrangement, og Hå kommune gir dermed ikkje skjenkeløyve til utstillarar.
12. Avlysing
Dersom det oppstår forhold utanfor arrangøren sin kontroll som flom, brann, uver eller epidemi som gjer det umogleg å gjennomføra arrangementet, må arrangør avlysa TallShips Fest i Sirevåg. Arrangør har ikkje erstatningsansvar for innkjøpte varer eller medbrakte gjenstander.
Me løfter i lag!