Ungdomsklubbar

Bli med på ein av norges beste ungdomsklubbar. Her får du gratis mat og gilde aktivitetar, drøs og vas.

Tilbodet er for ungdom som bur i Hå.

Kva skjer?

Nå kan du få med deg alt som skjer på ungdomsklubbane i ein app på telefonen.

Slik installerer du:

  • Gå til Google Play eller App Store
  • Last ned appen «Infoskjermen Go» eller «Pin to mind»
  • Trykk på legg til kanal
  • Skriv inn kode «UNG» for å få opp rett kanal

Tilboda våre:

Transport til ungdomsklubbane i Hå

  • Me har fått midlar til å dekka reise til og frå ungdomsklubbane. 
  • Du må bruka to eller fleire av ungdomsklubbane for å få dekka skyss. 
  • Det finst ikkje ein eigen billettype for Hå, så ungdommen får ein U23-billett frå Kolumbus. Denne gjeld frå Stavanger til Sira. 
  • Ungdomsklubbane tek ikkje ansvar for billettbruk utanom til og frå ungdomsklubbane i Hå.
  • Føresatt må søke om billett på vegne av ungdommen

 

Søk om transport til ungdomsklubbane

Aktivitetar:

  • Biljard og bordtennis
  • Brettspel
  • Gaming
  • Musikk
  • Hobbyaktivitetar
  • Konkurransar

Alle får gratis mat, og det går også an å kjøpa litt snacks i kiosken.