Støttekontakt

Ein støttekontakt hjelper deg med sosialt samvær og aktivitetar. Du kan få inntil 4 timar støttekontakt per veke. Målet er å bryta isolasjon, bidra til ei aktiv og meiningsfylt fritid, og hjelpa deg med å få eit sosialt nettverk.

Kven kan få hjelp

Innbyggjarar med funksjonsnedsettingar som gjer det vanskeleg å vera i aktivitet åleine, eller som treng hjelp og støtte for å meistra aktivitetar og delta i sosiale fellesskap, kan søka. Du må ha behov for hjelp til sosial kontakt og sosial trening.

Kva får du ikkje hjelp til

Du får ikkje støttekontakt dersom behovet ditt kan dekkast av foreldre, søsken, besteforeldre, ektefelle eller andre nærtståande. Støttekontakten hjelper heller ikkje med praktisk bistand og transport.

Tenesta er gratis.

Søknadsskjema