Aktiviteten dagsenter

Aktiviteten er eit dagtilbod for vaksne som ønsker ein aktiv, sosial og meiningsfull kvardag. Tilbodet er retta mot personar som har behov for tilrettelagde aktivitetar, støtte i kvardagen, og som ønsker å vera ein del av eit inkluderande fellesskap.

På Aktiviteten er det viktig å skapa gode opplevingar saman. Me markerer fødselsdagar, høgtider og andre merkedagar gjennom året. Me arrangerer sesongaktivitetar, sosiale samlingar og feirar små og store hendingar som bidreg til fellesskap, trivsel og gode minner.

Kven kan få tilbodet?

  • Innbyggjarar med varig nedsett funksjonsevne som ikkje har skuletilbod eller ordinært tilrettelagt arbeid, kan søka.
  • Du må bu i kommunen og ha fleire behov som gjer at du treng støtte for å meistra kvardagen.

Pris

Det er eigenandel for tenesta, og prisen vert bestemt av kommunestyret.

Søknadsskjema

Aktiviteten Nærbø

 

Hos oss møter du eit trygt og triveleg miljø der kvar enkelt blir sett og får moglegheit til å bruke eigne ressursar. Me legg vekt på meistring, deltaking og utvikling gjennom aktivitetar som er tilpassa den enkelte sine interesser, evner og mål.

Aktiviteten Vigrestad 

Aktiviteten Vigrestad er eit dagtilbod for personar med funksjonsnedsettelser. Tilbodet er berekna for personar som bur i bemanna heildøgns omsorgsbustader, og som deltek på aktivitetane saman med personale. Aktiviteten Vigrestad har ikkje eige personale. Tilbodet vert drive i samarbeid med personalet som følger brukaren frå bustadane.

Gjennom veka tilbyr me et variert aktivitetstilbod som legger til rette for mestring, sosialt fellesskap og gode opplevelsar.