Juleparken

Er du klar for å oppleva magisk julestemning på Jæren? Då må du ikkje gå glipp av Juleparken på Nærbø.

Tidspunkt: 

  • Fredag 28. november frå klokka 17:00 til 20:00.
  • Laurdag 29. november frå klokka 13:00 til 18:00.

Dette kan du oppleva i juleparken:

Juleparken byr på god mat, varm drikke,  julegåver og kjekke aktivitetar. Opplev magiske vinterlys, møt påfuglen Randulf og kos deg rundt bålet.  

Aktørar: Nærbø skulekorps, Hå kulturskule, Nærbø musikkorps, Hå dur og moll & Jæren kammerkor, 4H Nemda i Hå, Nærbø speidergruppe, Køhlerpaviljongen, MingarWalker glassblåseri, Kunstbutikk Hå gamle prestegard, Vitengarden, Susort WoodWork, Linda Tendenes, Kveikheim mangesysleri, ATO Bø skule, Nærbø kyrkje, Nærbø Rotary, Zonta, Lions, Cecilie Chan, Kristin Aga, Ine Reime, Nærbø Røde kors Omsorg, Lions, Nærbø Bygdeungdomslag, Slaktar R. Skretting, Bankers Pizza Nærbø, Vigrestad konditori, Nærbø konditori,  Sheila Horscheck, Thailand by Nichcha, Espen Bø Thaimat, Parkens Venner, Norsk Folkehjelp Hå,  Hå brannvesen.

Ta med:

Kle deg etter veret og ta gjerne med sitteunderlag og nisselue.