17. oktober
Britt Synnøve - konsert
Denne dagen får vi vitjing av Britt-Synnøve Johansen. Ho er snart aktuell med den nye utgjevinga «Kveldslys» – heilt nye songar med eigne tekstar og melodiar signerte Ragnvald Wernøe. Dette er absolutt viser, men musikken strekkjer seg òg mot både franske chansons, jazz og americana – samtidig.
Britt-Synnøve har mange år bak seg som utøvande artist og tekstforfattar. Ho har tolka andre sin musikk og gjort eigne omsetjingar frå både fransk, spansk og sigøynarmusikk. For dei fleste er ho nok mest kjend for sine tolkningar av Édith Piaf sine songar. I 2022 gav ho ut «Mørk salong», eit album med eigne tekstar og melodiar av Ragnvald Wernøe, inspirert av franske chansons.
På konserten denne dagen vil Britt-Synnøve dele songar frå både «Kveldslys» og «Mørk salong», i fin blanding med franske chansons på norsk. Og kanskje lurer ho inn ein song på fransk òg?
Med seg har Britt-Synnøve den framifrå pianisten Idar Hauge.