MatleveringAlle som bur heime i Hå kommune og som har redusert evne til å laga mat sjølv på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting, kan søka om å få middag levert heim. Kva er matlevering?Middag levert heim. Maten blir laga på storkjøkken og levert kald. Du må derfor varma opp maten sjølv i mikrobølgeovn eller komfyr.Målet med matleveringa er å gi deg eit variert og næringsrikt kosthald og forebygga underernæring.Du som bur i kommunal bustad ved Varhaug- eller Olsvoll bu- og velferdssenter, kan søka om fullkost. Dette inkluderer frokost, middag, kaffimat og kveldsmat. Du må kunne ta imot middagen når den blir levert, oppbevara maten trygt og varma opp middagen sjølv.Søk om matleveringOrdninga om matlevering gjeld ikkje for dei som kan laga mat sjølv utan store problem. AbonnementsordningarDu kan få middag 3, 6 eller 7 dagar per veke.Abonnementet inkluderer middag med dessert eller suppe, utlevering og transport.Heimetenesta vurderer behovet ditt og kva type abonnement som passer best for deg.Fullkost gjeld kun for dei som bur ved Varhaug og Olsvoll bu- og velferdssenter.Pris MatleveringAbonnement:Pris:Middag 3 dagar per veke1660 kr per mndMiddag 6 dagar per veke2980 kr per mndMiddag 7 dagar per veke3325 kr per mnd Det er ein fast månadspris for tenesta, avhengig av kva abonnement du har. Prisane blir justert kvart år. Det er viktig at du melder i frå til heimetenesta ved avbestilling. Sist endra 16.09.2025 13.17