TryggleiksalarmTryggleiksalarm er for deg som bur heime og føler deg utrygg eller treng å kunne tilkalla hjelp døgnet rundt. Alarmen består av ein alarmboks og ein alarmknapp. Når du bruker alarmen, kan du snakka med eit responssenter som er ope 24 timar i døgnet. Ved behov kjem heimetenesta for å hjelpa deg, eller pårørande om det er avtalt. Alarmen fungerer berre innandørs i heimen din. Kven kan få tryggleiksalarm?Alle som bur heime i Hå kommune og som har redusert funksjonsnivå eller helseproblem. Du må kunne forstå og bruke alarmknappen og ha ein sjukdom eller funksjonsnedsetting som gjer det vanskeleg å bruke telefon for å tilkalla hjelp. Heimetenesta vurderer behovet ditt etter søknad. Søk om tryggleiksalarmDu må samtykka til montering av nøkkelboks og utlevering av husnøkkel. Tryggleiksalarm er ikkje ei akutt teneste. I akutte situasjonar må du ringa 113. Tryggleiksalarmen kan trekkast tilbake dersom den fleire gonger blir brukt i situasjonar som ikkje er akutte eller nødvendige. Eigenandel Det er ein månadleg eigenandel for tryggleiksalarm og du må betala eit eingongsbeløp ved installering. Prisane blir justert årleg. Tryggleiksalarm er gratis når den blir vurdert som nødvendig helsehjelp. Sist endra 03.09.2025 13.52