Sensor- og varslingsteknologi (Digitalt tilsyn)Sensor- og varslingsteknologi gjer at du får hjelp på grunn av ulike sensorar som varsler om noko skjer med deg. Sensorane er ofte knytta til tryggleiksalarmen og kan vera til dømes døralarm, fallalarm eller GPS-klokke. Målet er å gjera deg trygg nok til å klare deg sjølv heime. Sensorane kan bidra til at du og dine pårørande kan føla dykk trygge. Kven kan få sensor- og varslingsteknologi? Alle som bur heime i Hå kommune og som treng ekstra tryggleik på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting. Du må kunne forstå og bruke sensorane etter opplæring. Sensorane skal hjelpe deg å meistra kvardagen og førebygga behova for meir omfattande tenester.Heimetenesten vurderer behovet ditt etter søknad. SøknadsskjemaTenesta er gratis. Før sensorane kan tas i bruk, treng kommunen eit skriftleg samtykke frå deg. Dersom sensoren er tilknytta tryggleiksalarm, må du samtykka til montering av nøkkelboks og utlevering av husnøkkel. Sist endra 17.09.2025 10.19