HeimehjelpHeimehjelp kan bidra med nødvendige praktiske oppgåver i heimen. Dette er i hovudsak reingjering av bad og golv i rom du bruker dagleg.I nokre tilfelle kan du få hjelp med å skifte sengetøy, vaska og henga opp klede, rydda inn og ut av oppvaskmaskin, og bestilla matvarer. Målet er å hjelpa deg å bu heime lenger og meistra kvardagen betre.Kven kan få hjelp?Du må bu i Hå kommune og bu heime.Du må trenga hjelp på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne.Me ser på dine behov og kva du klarer sjølv. SøknadsskjemaKva får du ikkje hjelp til?Du får ikkje hjelp på grunn av husdyr eller reingjering etter husdyr. EigenandelDu må betale for tenesta. Prisen vert justert kvart år.Viktig info til deg som får heimehjelpTilstades: Du må vera heime når me kjem.Avlysing: Gi beskjed om du ikkje kan ta imot hjelp, elles må du betala.Utstyr: Du må ha støvsugar, langkost/mopp, vaskemiddel og klutar.Arbeidsmiljø: Du må ha eit godt arbeidsmiljø med tanke på romtemperatur, fysisk belasting, husdyr, røyk og så vidare.