Brukarstyrt personleg assistanseBrukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei ordning der du får hjelp til praktiske oppgåver og opplæring både heime og utanfor heimen. Målet med ein brukarstyrt personleg assistent er at du skal få eit mest mogleg uavhengig liv. Du kan få hjelp til ting som å handtera daglege oppgåver, ta vare på helsa di og delta i aktivitetar. Kven kan søka om BPA? Alle under 67 år med eit stort og langvarig behov for personleg assistanse. Behovet for hjelp må i hovudsak utgjera minst 32 timar i veka. Du kan vera arbeidsleiar sjølv eller har nokon nære som kan vera medarbeidsleiar.BPA kan òg vera avlastande for føresette med krevjande omsorgsoppgåver for barn under 18 år. SøknadsskjemaViktig informasjon Hå kommune er arbeidsgivar for tilsette assistentar i BPA-ordningar.Tenestemottakar deltek i tilsetting, lager arbeidsplanar og sikrer timelister i samråd med kommunen.Tenesta er gratis, men det kan vera eigenandel om du søker om praktisk bistand. Du får ikkje BPA dersom det fører til vesentleg auka kostnadar for kommunen, eller om du treng meir enn éin tenesteytar til stades eller natt-tenester utan kontinuerleg behov. Sist endra 16.09.2025 12.58