Tilsynstilbod (SFA/SFOu)

Tilsynstilbod er for heimebuande ungdom med funksjonsnedsettelse som går på ungdomsskule eller vidaregåande skule. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Du kan få tilsyn før og etter skulen, og i deler av skulen sine ferie- og fridagar dersom du har ein funksjonsnedsetting. 
  • Tilbodet er delt inn i to tenester: SFOu for ungdomsskuleelevar og SFA for elevar på vidaregåande skule. 
  • SFA blir gitt ved Skjeraberget avlastningsbustad på Nærbø.

Kven kan søka? 

  • Foreldre eller føresette til ungdom som går på ungdomsskule eller vidaregåande skule. 
  • Ungdommen må ha ein funksjonsnedsetting som gjer at dei treng tilsyn.
  • Ungdommen må bu i Hå kommune og ha behov for tilsyn. 
  • Målet er at foreldra kan få hjelp slik at dei sjølv kan vera i jobb.

Søk om tilsynstilbod (SFA/SFOu) (PDF, 497 kB)

Tenesta er gratis, men det kan bli tatt betaling for mat.