OmsorgsbustadOm du har sjukdom eller funksjonsnedsetjing som gjer det vanskeleg å bu i ein vanleg bustad, kan du søka om ein omsorgsbustad. Dette er ein bustad som er spesielt tilpassa for deg som treng hjelp i kvardagen.I Hå kommune finst det fleire typar omsorgsbustader, slik at du kan få ein bustad som passar til det du treng hjelp til. Omsorgsbustad ved Vinkelbygget og HybelhusetBustadane her er for du som har psykiske vanskar eller rusutfordringar, og du treng støtte for å bu for deg sjølv. Du kan få hjelp heile døgnet, og tenestene blir tilpassa akkurat deg. Målet er at du skal klare deg betre i livet og få meir sjølvstende. Kven kan få?Vaksne over 18 år med store psykiske eller rusrelaterte utfordringar som ikkje klarer å bu åleine – sjølv med heimetenester. KontaktinformasjonVinkelbygget: 415 32 729Hybelhuset: 415 32 728Omsorgsbustad i eining for funksjonshemmaDette er bustader for du som har ei varig funksjonsnedsetjing og treng hjelp og tilsyn. Nokre av bustadane har personale som er der heile tida og er for dei med store og omfattande behov for hjelp. Andre er for dei med noko mindre behov for tilsyn og hjelp. Kven kan få?Vaksne over 18 år med store og varige hjelpebehov som gjer at dei ikkje kan bu trygt i ein vanleg heim. Du får ikkje omsorgsbustad viss du kan få hjelp på andre måtar, til dømes ved å flytte til ein meir tilpassa privat bustad eller få heimetenester.Omsorgsbustad i heimetenestaDesse bustadane er for deg som har sjukdom eller funksjonsnedsetjing og stort behov for hjelp. Nokre bustader ligg nær bu- og velferdssentra, og andre er i bufellesskap, for eksempel på Varhaug og Olsvoll. Det er ikkje heildøgnsbemanning knytta til bustadene. Kven kan få?Du må bu i Hå kommune og ha eit varig behov for omfattande hjelp. Kommunen sjekkar om det er mogleg å tilretteleggja bustaden du bur i no – og om du kan få tekniske hjelpemiddel der. Viss ikkje, kan du søke om ein slik bustad. Slik søker du:Send inn ein søknad. Etterpå tar kommunen kontakt med deg for å finne ut kva du treng hjelp til og kva bustad som passar best.SøknadsskjemaDu må betala husleige.Husleiga blir bestemt av kommunestyret. Du må også betala for straum, innbuforsikring og andre vanlege utgifter i ein heim. Sist endra 17.09.2025 10.26