Arbeidsløftet

  • Er du sjukmeld, og treng nokon å snakka med?
  • Ønsker du hjelp frå oss til å finna aktuelle hjelpetilbod?

Arbeidsløftet er eit prosjekt der me ønsker å bidra til at du får betre oversikt over din eigen situasjon. Dette gjer me saman med deg, ved å tilby koordinert og individuelt tilpassa rettleiing, der dei fagpersonane som trengst blir kopla på. Målet vårt er å styrka sjansane dine for å koma sterkare tilbake i arbeid.

Kva kan me hjelpa deg med?

  • Kartleggingssamtale med arbeidsrettleiar og kognitiv terapeut
  • Støtte i kontakt med arbeidsgivar
  • Delta i møte med arbeidsgivar
  • Utforska moglegheiter for tilrettelegging på arbeidsplassen
  • Kartlegga kva du kan gjera med tilrettelegging på jobb
  • Meistringsorienterte samtalar, assistert sjølvhjelp og støtte til å handtera belastningar
  • Sikra jobbutsikter over tid
  • Hjelp til kontakt med andre tenester i kommunen (fastlege, fysioterapeut, friskliv, NAV, meistringseininga)
  • Avklara NAV-relaterte spørsmål

Du kan ta kontakt med oss direkte, eller du kan be fastlegen din om å senda ei tilvising.