Meld frå om badeanlegg

Alle som driv badeanlegg, boblebad, flytetankar eller badstover, skal melda frå til kommunen ved oppstart eller store endringar i drifta.

Krav til internkontroll

Du må ha eit internkontrollsystem som følgjer forskrifta (§ 4). Det skal innehalde:

  • Rutinar for drift og vedlikehald
  • Dokumentasjon av arbeidet som blir gjort
  • Resultat frå vassprøver
  • System for å handtere avvik

Korleis handtere avvik?

Avvik betyr at rutinar sviktar eller at forskrifta blir broten. Då skal du følga ein avviksprosedyre. Målet er å retta feilen, løysa problemet og hindra at det skjer igjen.