Informasjon til søkar av helse- og omsorgstenester

Kommunen har ansvar for at du som bur eller oppheld deg i kommunen, får den helsehjelpa og omsorga du treng.

Det er eit felles søknadsskjema for dei fleste helse- og omsorgstenestene i Hå kommune

Her finn du søknadsskjema (PDF, 172 kB)

Send søknaden til Hå kommune, Helse og velferd, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
 

Slik søker du om hjelp:

  • Fyll ut søknadsskjema og forklar kva du treng hjelp til, så godt du kan.

    Me behandlar søknadane etter kvart som dei kjem inn, og prøver å gjera det så raskt som mogleg.

    Vanlegvis vil me ha ein samtale med deg for å finna ut kva slags hjelp som passar best.

    Du høyrer frå oss innan ein månad.
    Då får du anten:

    • skriftleg svar på søknaden
    • innkalling til samtale
    • eller beskjed om når du kan venta svar