Aktivitetane våre er fleksible og kan tilpassast etter ønske og behov.
🎲 Dungeons & Dragons-gruppe – tysdagar kl. 15:00–19:00
Er du glad i rollespel og eventyr? Bli med på vår faste D&D-gruppe!
🛠️ Prosjektarbeid – tysdagar og onsdagar kl. 09:00–13:30
Her flettar me jærstolar, jobbar med oppdrag for kommunen og organiserer matposeutlevering.
🎳 Utflukter og sosiale aktivitetar
Me arrangerer turar til bowling, shuffleboard, minigolf, museum, parkar og mykje meir!
💬 Refleksjonsgruppe – ein gong i månaden
Bli med på gode samtalar og diskusjonar rundt ulike tema. Me lærer av kvarandre og deler erfaringar.
🔢 Bingo – annakvar torsdag kl. 17:00
Prøv lukka og ha det gøy med oss!
❓ Quiz – laurdagar
Test kunnskapen din og bli med på ein kjekk quiz kvar laurdag!
⚽ Fotballtrening – ein gong i månaden
Me trenar mot No Way Cup i september og treng både spelarar og publikum. Bli med!