Langtidsopphald VinkelbyggetInstitusjonsopphald ved Vinkelbygget er for deg som treng kontinuerleg oppfølging og trygge rammer, og som på grunn av psykiske lidningar eller rusutfordringar treng eit stabilt og strukturert butilbod.Kven kan få langtidsopphald på Vinkelbygget?Du må bu i kommunen og være over 18 årDu må ha alvorlege psykiske lidningar eller rusutfordringarDu må ha eit omfattande funksjonstap som gjer at du ikkje klarer deg med heimebaserte tenester eller korttidsopphaldAndre hjelpetilbod skal vere grundig vurderte før langtidsplass kan vurderast Søknadsskjema Eige ansvar ved tildeling av plassPersonlige eigedelar og forsikring av desseHygieneartiklar og anna utstyr til personleg hygienePengar og kontantar oppbevarar du på eige ansvarUtgifter til fotpleie og frisørVel du eigen lege eller tannlege, må du sjølv betale både honorar og transport, og ordne avtalar med tenestene på eiga hand.Dersom tilsynslegen har forordna sjukehusbehandling og det krevst følge, er det i hovudsak pårørande sitt ansvar — men Vinkelbygget samarbeiderEigenandelDet vert rekna vederlag etter forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester for langtidsplass i institusjon. Sist endra 29.12.2025 12:46