Avlasting institusjon barn og unge

Avlastning i institusjon (avlastningsbustad for barn og unge) er ei teneste for å avlasta pårørande frå særleg tyngande omsorgsarbeid. 

Kven kan få hjelp? 

  • Pårørande som har særleg tyngande omsorgsarbeid kan søka. 
  • Den som treng omsorg må bu i Hå kommune og saman med omsorgsytaren.
  • Personen må i utgangspunktet ha omfattande funksjonsnedsettelser og eit særleg hjelpebehov. 

Tenesta er gratis.

Søk om avlastning

Kva får du ikkje hjelp til? 

  • Du får ikkje avlastning dersom det ordinære tenestetilbodet, som barnehage eller andre kommunale tenester er tilstrekkelege. 
  • Avlastninga skal ikkje innehalda mykje nattarbeid med mange avbrot i nattesøvnen. 

Viktig informasjon

  • Tildeling av avlastning blir retta mot den som gjer omsorg, ikkje til den som treng omsorg. 
  • Tenesta er anten timebasert eller døgnbasert.