Areal- og reguleringsplanar

Her finn du areal- og reguleringsplanar:

Kart og planregister

Planregister

I kartløysinga finn du kommune-/reguleringsplan som gjeld for din eigedom. 

Planregisteret gir deg oversikt over gjeldande planar og kva som er vedtekne i eit område.

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan viser kva eit område kan brukast til, og korleis det kan byggast ut. Planen seier mellom anna kva som kan byggast, kor høge bygga kan vera, og kvar det skal vera vegar, leikeplassar, grøntområde og parkering.
Reguleringsplanen er viktig både for deg som vil bygga, og for naboar og andre som bur eller oppheld seg i området.

Skal du regulera?

I denne rettleiinga for private reguleringsplanar får du ei stegvis rettleiing som viser korleis du kjem i gang med planprosessen, og kva eit planforslag må innehalda. Du finn også nyttige rettleiingar, plan- og kartdata og informasjon om korleis du bestiller oppstartsmøte.

Snakk med en arealplanleggar

Book eit møte

Lurer du på noko eller ønsker eit møte? På bookingsida kan du både finna kontaktinfo og bestilla time med ein arealplanleggar.

Du kan også senda e-post til teknisk@ha.kommune.no.

Gebyr

Du finn prisane du må betala for at kommunen skal behandla plansaka i gebyrregulativet. Kva du må betala, kjem an på kor omfattande planen er. Det er gebyr for forenkla endring av plan, detaljregulering og endring av plan, og for formelt oppstartsmøte.

Kom med innspell i planarbeid

Kunngjeringar og høringer

Her finn du reguleringsplanar som nettopp har starta opp, er på høyring, eller som vedtekne nyleg.

Politiske behandlingar

Planforslag blir 1. og 2. gangsbehandla i utval for samfunn (USAM) før sluttbehandling i kommunestyret (KS). Politiske saker finn du i politisk møtekalender. Nye saker publiseres ca. 1 uke før møtedato.