Viktig informasjon om koronavirus

Lensmannsløa

Løeståvå har plass til 70 personar.

LENSMANNSLØA ER INNTIL VIDARE STENGT FOR UTLEIGE PÅ GRUNN AV KORONABEREDSKAPEN

Lensmannsløa har to lokale. Begge lokala har tilgang til det same kjøkkenet:

  1. Løestova (1. etasje): 
    Møte-/selskapslokale med plass til 70 personar.
  2. Oppe på løa (2. etasje):
    Selskapslokale med røft uttrykk og mykje gamal historie i veggane.  Lokalet er uisolert, og er derfor stengt for selskap og bryllaup frå 1. oktober til 1. april.

Nøkkelinformasjon

Lensmannsløa

Prisar
  • Ein dag i løestova pluss kjøkken: 2700 kroner
  • To dagar i løestova pluss kjøkken: 4100 kroner
  • Ein dag i heile løa: 4150 kroner
  • To dagar i heile løa: 7000 kroner

Lokale lag og organisasjonar i Hå som er i Frivilligregisteret, leiger gratis til eige lags arbeid i vekene. I helga må dei betala 1000 kroner for utvask. Kommunale tenesteområde/avdelingar i Hå, kan leiga løa gratis kvardagar fram til kl 16. Etter klokka 16 og helgedagane, er det full leigepris.

Utstyr og fasilitetar i løestova (1. etasje)

Løestova er eit møte-/selskapslokale med plass til 70 personar. Lokalet har bord og stolar til 70 personar. Åtte bord står inne i lokalet og åtte bord står på lagerrommet. Det er plass til seks personar på kvart bord. Størrelsen på borda er 0,90 meter x 1,60 meter. Det finst ekstra stolar og tre barnestolar på lagerrommet.

Utstyr:

  • Projektor
  • Stereoanlegg
  • Trådlaus mikrofon
  • Piano
  • Toalett
  • Wifi
  • Oppvaskmaskin (steamer)
  • Komfyr
  • Kjøleskap
  • To kaffitraktarar som tek cirka to liter kvar
  • Dekketøy til 100 personar. Av finglas er det raudvinsglas. Det er ikkje dukar. Det er heller ikkje fryseboks til utlån. Fryseskapet som står på kjøkkenet blir brukt av andre.
  • Førstehjelpsskrin
Utstyr og fasilitetar oppe på løa (2. etasje)

Andre etasje i Lensmannsløa er eit selskapslokale med røft uttrykk og mykje gamal historie i veggane.  Lokalet er uisolert og blir derfor veldig kaldt om hausten og vinteren. Inngangen er frå låvebrua. Det er stolar til 150 personar, og bord og stolar til 100 personar. Det er plass til seks personar på kvart bord. Til saman er det 23 bord. 19 av dei står på lagerrommet, to bord står i siloen, og to står nede i 1. etasje.

Utstyr:

  • Lyslenker og gardin heng i taket
  • To 9 watts-vifteomnar
  • Toalett
  • Wifi
  • Oppvaskmaskin (steamer)
  • Komfyr
  • Kjøleskap
  • To kaffitraktarar som tek cirka to liter kvar
  • Dekketøy til 100 personar. Av finglas er det raudvinsglas. Det er ikkje dukar. Det er heller ikkje fryseboks til utlån. Fryseskapet som står på kjøkkenet blir brukt av andre.
  • Førstehjelpsskrin
Omsyning

Ønsker du ei omsyning, kan du ta kontakt med Monica C. Herredsvela på telefon 48 07 75 15 for gjennomgang av bruk, prosjektor, steamer, nøklar osv. Ho kan møtast ettermiddagstid på tysdagar.

Du kan også ta kontakt med servicetorget på 51 79 30 00 eller servicetorg@ha.kommune.no for å få nøkkelkode og sjå på lokalet sjølv.

 

Nøkkel

Kontakt servicetorget rett før du skal leiga. Du vil då få oppgitt nøkkelkode. 

Avbestilling

Send ein e-post til servicetorg@ha.kommune.no for å avbestilla eller endra reservasjonen. Du må betala halv leigesum viss du avbestiller seinare enn to veker før leigeperioden.

Parkering

Lensmannsløa har parkeringsplass til fire bilar på dagtid. Ettermiddagar og helger kan de bruka parkeringsplassar ved barnehagen.

Det går også an å parkera på rådhuset og langs jernbanelinja.

Klikk for stort bilete