Alle med i Hå
Treng barnet ditt hjelp til å koma i gang med ein fritidsaktivitet, eller manglar du klede eller utstyr?
Val av aktivitet
Sirwan hjelper barnet med å finna ein aktivitet det likar.
Første møte
Sirwan blir med barnet første gongen, saman med minst ein forelder. Då helsar dei på trenaren eller aktivitetsleiaren.
Økonomi
- Mens barnet er på aktivitet, snakkar Sirwan med foreldra om betaling.
- NAV har støtteordningar for dei som får sosialhjelp.
- Dei største idrettslaga har fond som kan dekka medlems- og treningsavgift.
- Kulturskulen har midlar for barn frå låginnteksfamiliar.
Utstyr
Manglar barnet utstyr? Me ordnar det gjennom fond, NAV, innsamlingar og utstyrspool.
Oppfølging
Etter ei stund tek Sirwan kontakt for å sjekka om barnet trivst, har utstyr og om det er noko meir han kan hjelpa med.
Me har klede, leiker og utstyr me deler ut til dei som treng det. Ta kontakt, så hjelper me deg.

- Me kan hjelpa deg med å koma i gang med open barnehage. Renate Erga Cederstrøm kan vera der i starten om du ønsker.
- Me kan hjelpa deg med søknadar og anna som trengst for å delta i fritidsaktivitetar.
- Me kan også hjelpa deg med å finna aktivitetar i nærmiljøet.