Bytta skule
De kan søke om skulebyte. Eleven har rett til å gå på ein skule i nærmiljøet, men etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skule enn nærskulen. Normalt må de rekna med å betale eventuelle ekstrautgifter til skyss som følge av skulebytet, men i enkelte tilfelle kan og kommunen innvilge gratis skyss, avhengig av årsaken til skulebytet.
Opplæringslova § 2-6 seier at eleven kan takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på. Det avgjerande i kommunen si vurdering er alltid om det er til det beste for eleven eller ikkje.
I tillegg har Hå kommune har såkalla “fritt skuleval”. Det vil seie at de i stor grad skal kunne velje skule fritt, så lenge skulen ikkje er full.